onsdag 27. april 2011

Vår! Om huset, luftballong og tur

Seinvinter og vår har vore prega av oppussings- og innflyttingsinnspurt. Med eit relativt stort oppussingsobjekt er det meir enn nok å hengje fingrane i, både for oss og alle som hjelp til. Målet var å kome i hus til påske, men vi utsette det ei veke. På den måten fekk vi nytta tida vi var på hytta til å male golv og la det tørke, før vi kunne flytte inn helga etter påske. Dette er det nye huset vårt i haust, lengje før vi kom der med alt rotet vårt. Men det skal bli betre ute også, vi gler oss til å starte "oppussing" ute også! Hjørnet lengst hit på plenen blir nok Solan sitt, med hundegard og hus. Så blir det gjerde, tre, buskar og grind, og det skal nok bli rett så triveleg etterkvart!



Påska var prega av lite snø, lite solfaktor og mykje avslapping. Turar på føtene i staden for ski, vi hadde når sant skal seiast berre ein skitur denne påska, og da var vi ein snartur på Valdresflya. Vi, og mange andre, kan ein vel trygt seia. Dagen var prega av eit mylder av både menneske og lemen. Solan meska i seg fleire (lemen), det er ikkje eg som er i stand til å ta ut dei små krypa av kjeften hans - sjølv om eg vel ikkje er redd mus og lemen, blir det i drøyaste laget å hale ut att desse dødsdømte eller allereie daue gnagarane. Vi køyrer på med ein ekstra ormekur i staden!

Ingrid Marie hadde ikkje sittande ærend i pulken, og sto bak fram heile turen, hoia og prata, heia på Solan som trakk som ein helt og hang utover kanten på pulken og laga stripe i snøen med votten. Det var i grunn ein artig liten tur, men eg merker eg blir stressa når eg ser at planleggings- og pakkeferdigheitene mine (vel, våre) er ytterst dårlege når det kjem til ungen. Det er så mykje som skal hugsast på, og vi hugsar ikkje halvparten.

video

Her er ein liten videosnutt av Ingrid Marie, Solan og Valdresflya.


Det var stort sett rolege dagar på hytta. Fint utevær, også for vesla. Det gjorde godt å ta det heilt med ro! Det for forresten ein luftballong over Lemonsjøen, det var jo store greier å få med seg! Tenk, ein luftballong over Lemonsjøen! Vel. Det seier kanskje meir om fascinasjonesevnen vår enn det sensasjonelle i ein luftballong over sjøen.



Påska 2011 køyrde Ingrid Marie bil ned hyttevegen for fyrste gong. Vi ungane har "alltid" køyrd ned hyttevegen frå vi var små, vi har sågar hatt ein katt som "køyrde" bilen nedover. Intet unntak for Ingrid Marie, ho var like spinnvill bak rattet nedover dei tre hundre metrane. Det er nå rart også, at så små ungar skal skjøne at slikt noko er stas.


Og vi har funne ut at kven treng vel bæremeis når ein har vedsekk som ungen kan fraktast i. Ingrid Marie tykte det var artig - ei stund. Titt tei!


Vesla er entusiastisk over stort sett alt ho finn ute på tur - det vera seg kongle, barnål, harelort eller mose. Litt mosegrodd har ho også vorte, men det går over når ho kjem innomhus att!

Våren har vore tidleg i år. 1. mai var vi på tur oppi Nordherad. Vi gjekk til Flåten, ein liten stad lengst vest i grenda, som har vorte restaurert mykje dei siste åra. Det har vorte fint der, og finare blir det nok når det blir rydda for søppel og rask. Nordherad var solrik denne dagen, og vi fekk oss ei lita pause i varm og solrik furuskog også.


Medan vi samla d-vitamin i vårsola, sat nå Ingrid Marie og pusla med sitt borti skogen der, med kongler og barnåler og anna gøy. Ho er ein takknemleg unge å ha med seg på tur.

Vegen inn til Finndalen var dårleg nå i byrjinga av mai, men vi gjorde eit forsøk likevel. Vi parkerte ved bommen ein laurdag med strålande sol, og gjekk vegen innover. Så tok vi oppover frå vegen for å finne ein fin rasteplass, og jammen sto det ikkje ei perfekt storfuru og venta på oss! Det er lengje sidan vi har hatt ein slik storfuru-rast. Lemen var det mykje av her også, det er slik at vi må passe litt på Ingrid Marie så ho ikkje rotar seg borti noko slik kliss. Solan tek nå for seg han, og fører i det minste til ein liten reduksjon i bestanden av smågnagarar!



Ingrid Marie held seg på bakkenivå enda, medan det klør i klatreinstinkta til Øyvind, som tok seg ein velfortent tur i høgda i storfuru, i mangel på andre utfordringar i høgda for tida.


Tysbasten er giftig. Men det er vel ikkje derfor det vart eit så dårleg bilde av den at eg ikkje turde gå inntil, det var vel berre latskap, men vi skimtar den som noko rosa inni buskaset.



Finndalen er ein fin dal. Tenk at for nokre år sidan vandra det mammutar gjennom denne dalen, det er fascinerande å tenkje på det!


Øyvind har funne seg eit lite buldreproblem borti fossen der, og kulpen er fin å bade i. Det blir vel ein bra kombinasjon når det blir varmare i veret (og i vatnet). Ellers så er jo Finndalen eit flott turområde når ein har med seg småfolk, og fin fisking er det der om sommaren. Vi anbefalar!

Det er rart med det. Slike turar som den i Finndalen blir vi veldig glade og trivelege av. Frisk luft, sol, ting å titte på, Ingrid Marie som er blid, Solan som er hoppande glad og ustyrleg, køyre gjennom Skårvangen og Skogbygda på "utflukt" - vi kan leva nokre dagar på slike turar!

søndag 13. februar 2011

Vinterturar

Sist vi skreiv så var det om eit labert turliv. Det har betra seg betrakteleg! Vi kan vel trygt seia at vi har vorte kasta inn i verkelegheita etter å ha flytta til Vågå. Det er nok å ta tak i, ny jobb, gammalt hus som skal pussast opp, familie i nærleiken, hundar som skal turast, unge som skal takast vare på, bøker som skal lesast... (For tida les vi Kåre Holt si bok Kappløpet frå 1974, ei annleis skildring av kappløpet mellom Amundsen og Scott til Sydpolen. Vi kan anbefale boka, som gjev ei ny vinkling av korleis tilværa var der nede for dei to og deira menn, hundar og hestar.)

Ellers så er jo sola på plass att - seinast i dag hadde vi ein kameralaus skitur til Skogbygda. Det har vorte fleire kameralause turar i det siste. Linsa til kameraet mitt er gått dukken, og ladaren til Øyvind sitt kamera finst vel ein stad i flyttelasset som ennå ikkje er utpakka og heller ikkje blir det på ei stund. Eit fantastisk vær med tjuge minus nede i dalen og reine påskestemninga opp mot snaufjellet. Ein flokk med kanskje ti ryper flaug opp, månen konkurrerte med sola på himmelen og utsikta mot Finndalen, Kvitingskjølen og Nautgardstind var så fin, hundane storkosa seg og det gjorde vi også, og sender ein takk til bestemor som trår til som barnevakt!

Ingrid Marie sin fyrste pulktur gjekk langs Lemonsjø-isen til hytta. Kodak drog pakkpulken samvittigheitsfull som vanleg, Solan laga krøll (som vanleg) og piler hit og dit og konkurrerer med Kodak, og eg trekte Ingrid Marie i sin pulk. Ellers har vi ikkje fått kjøpt oss vår eigen pulk enda, men det håper vi kjem ganske snart. Vi har endeleg kjøpt bæremeis (valet fell på ein Sherpani, god å bera, og også med god oppbevaringsplass), det er artig, men på kalde vinterdagar er det betre med pulk enn med meis der beina fort blir for kalde, sjøl om utsikta er god!

Så har vi endeleg kjøpt oss lavvo! Valet fall på Helsport sin modell Finnmark. Det sat langt inne hjå Øyvind som helst ville ha ein tradisjonell lavvo med bomullsduk, men med tanke på mellom anna pris og vekt enda vi opp med denne, som vi håper å bli fornøygde med. Ingrid Marie sov ein dupp i skinnfellen sin, vi steikte vaflar på Pelle-ovnen vi også har fått tak i med vaffeljernet vi fekk i bryllaupet vårt, og hundane tenkte eigentleg ikkje på noko anna enn vafler. Turen var forøvreg ikkje lang, vi pakka med oss vesla, reinsskinn, lavo og hundar med pulk og ski og susa nedover fortauet til vollane og smia til pappa, og det var ein heil liten ekspedisjon som farta ut frå Vågåmo.

I Randsverk innover mot Fuglesetrane har grendelaget sett opp ein fin gapahuk. Dit tok vi turen ein januardag, rusla innover Fuglesetervegen og Øyvind for på ski med hundane - som forøvreg ikkje er vanskeleg å be med ut på tur.

Ingrid Marie sit sjølv - nesten, og kosar seg på tur. Bilde frå gapahuken.

Så var turen kome til Søvollen i Rendalen og VM i hundekøyring - Femundløpet. Fyrste helga i februar tok vi turen over, trefte att gamle kjende, Øyvind tok ein tørn som funksjonær, vi trefte att kjentfolk og hadde ein kjempetriveleg dag attende i Rendalen. Vi kan anbefale å ta ein tur til sjekkpunkt Søvollen under Femundløpet - det er fint, triveleg og spennande, med god mat, triveleg seter og fin natur!

Det var eit fantastisk fint vær i Rendalen denne dagen. Dei som hadde tilbrakt natta ute kunne fortelja om ei fin oppleving om nordljoset som hadde flomma over himmelen kvelden før.

Kodak tykkjer det er spennande å lukte der alle desse "ordentlege" trekkhundane har vore...

... men han oversåg heldigvis (for musa) denne vesle firføtte som meska seg i mandlar og anna godt som nokon hadde mista i snøen. Ho hadde teke ein mandel mellom frambeina og sat og gnaska og åt og la ikkje merke til oss før vi var nokså nærme. Da stakk ho hovudet inn i grastusten og "gøymde" seg - trudde ho. Dette måtte vel vera eit retteleg herremåltid for ei svolten vintermus!

Ingrid Marie har det storvegs i meisen, og kjedar seg ikkje eit sekund så lengje ho har oversikt og utsikt. Og sit bakpå der og preiker og stirer og sparkar med beina, og ingenting kunne vore artigare!

Så tok ho seg ein blund oppå Søvollen. Eller det var det vi trudde - eit kjapt blikk nedi pulken avslører at ho hadde slettes ikkje tid til å sova bort denne fine VM-dagen!

tysdag 7. desember 2010

Labert turliv

Det er vel berre å innsjå det - turlivet har vorte noko meir labert etter at vinteren sette inn. Dei siste par vekene har vore kalde, og det har vorte mykje inneliv sidan vesla ikkje skal ut dersom det er for kaldt. Ho søv godt ute i vogn mellom 10 og 15 minus, innpakka i ull og skinnfell, men nå når det har vore kaldare dei siste vekene, har ho knapt vore ute. Dermed blir det dårleg turliv for oss også.

Øyvind og Kodak var på bjørnesporing i Sverige tidlegare i haust. Så har det også vorte nokre "skiturar" nordover den knapt nok snødekte skogsbilvegen som vi plar bruke, der hundane får prøvd å trekke i lag. Konkurranseinstinktet til Solan er såpass framtredande at han sit meir på ryggen til Kodak for å prøve å kome forbi enn å konsentrere seg om å springe, men dette er vel ei treningssak. Og så har hundane fått springe litt lause og kose seg innimellom. Idealsituasjonen for hundane ville nok likevel sett heilt annleis ut dette. Og vi også har sjølvsagt lyst på meir tur, men vi må berre innstille oss på at livssituasjonen har endra seg noko, og vi veit at det vil bli fleire turar etterkvart.

I tillegg har vi kjøpt hus og er på flyttefot attende til Vågå, og dette betyr også at fri går med til reising mellom Rendalen og Vågå samt arbeid i huset. Vi gler oss til å få kjøpt oss lavvo, og til at vi har kome eit stykke lenger på huset, da vil vi kunne ta oss noko fri og reise på tur att, det blir nok utpå vinteren eit stykke. Øyvind ønskjer seg tur til jul, så da får vi sjå kva vi får gjort med det! Lite tur = lite bilder. Satsar på at dette kjem seg utover etterjulsvinteren - da kan vesla både sitte i meis og i pulk og vi får litt meir valfridom i kva vi finn på ute. Vi har mykje å sjå fram til!

onsdag 29. september 2010

Haustkveldtur med bål og Sølen-utsikt...

Vi hadde gleda oss over storstilt haustver i fleire dagar, og endeleg fekk vi komme oss opp av dalen og opp til utsikta, te klår og vinterleg luft i herlege omgjevnader ved Nysetra på Finstad.

Det var elgjakt ved Nysetra og eit lag var nok ute, for vi høyrde seinare på kvelden rifleskot frå skogen. Det vart ein kjapp motbakke før vi var oppe over bjørkeskogen og kunne sleppe hundane utan å forstyrre jakte meir enn naudsynt.
Vi var i lag med Øyvind frå jobben denne dagen. Han er vilteksperten, og det var tolking av sporteikn, fugleobservasjonar, og eit sleivprang til et mogleg kulturhistorisk funn i ei kløft på vår veg. Bilder vi tok på turen skal oversendes ein annan for å få svar på om kva det kunne være.
Vi fekk ein fantastisk utsikt over heile den nordre delen av Rendalen. Med Sølen i sør og Rondane i vest. Det var haust, litt vinter, men mest av alt ein god, kald haustkveld med bålfyring og kaffe, kos i varme klede for vesla og ein fri onsdagskveld for Solan og Kodak.

Takk for turen, alle fem!

måndag 16. august 2010

Vesla sin fyrste telttur


Fem veker gamal var Ingrid Marie på sin fyrste telttur. Vi gjekk eit par kilometer inn langs Nedre Leirungen i Vågå, sette opp telt på ein fin odde, hadde med teppe og jervenduk og sovepose, og rigga oss til.

Det vart bleieskift i jervenposen ved kveldsbålet. Det var tydelegvis litt stas, for ho var blid heile tida.

Vesla sov som ein stein heile natta - slik som ho plar gjera. Når ein liker å ha det lunt og godt, så er det vel ikkje noko som kan vera stort betre enn å liggje mellom mamma og pappa nedpakka i ullpysj, ullpledd, sovepose og jervenduk!

Hundane sov ute i lyngen og var rolege heile natta, og storkosa seg. Litol låg ved bålet og kosa seg.

Mykje å sjå på! Øyvind har fyra bål ved vatnet, og vi kosar oss. Litt meir styr med klede og mating enn ellers, men det gjekk bra. Så fkk eg vore på telttur i sommar også, og vi er glade for å erfare at det er relativt lettvint å reise på tur sjølv om vi har ei lita ei!

tysdag 27. juli 2010

Eit nytt turliv!

Etter at det kom ei lita ei i hus i byrjinga av juli, har det for alvor gått opp for oss at turlivet får ein ny dimensjon i tida framover. Men sjølv om turane blir annleis, er vi glade for å sjå at vi fortsatt kan reise på tur. Det gjeld å finne turar der ein kan trille vogn, samtidig som det fint går an å ta avstikkarar med bæresjal som vi bruker. Der kosar vesla seg inni.

Det er ferietid, og vi har vore ein del på hytta ved Lemonsjøen. Ein finværsdag gjekk turen innover Veodalen. I Veodalen er det utsikt til høge fjell, og det gjer godt å sjå dei sjølv om i hvertfall ikkje eg kjem til å kunne reise på "ordentleg" tur denne sommaren.

Fiskestong var med. Det vart ingen fangst i Veo, som var grå av brevatn. I ein bekk ved den eine Rindtjønna derimot var det ein som beit på kroken. Så medan Øyvind prøvde fiskelykka, fekk vesla mat og etterpå sovna både ho og eg og hundane i lyngen. 

Så lengje vesla får mat akkurat når ho vil, så trivst ho ute, så å vera i friluft heile dagen var uproblematisk. Det er vi glade for! :) Og hundane treivst som vanleg på tur.

onsdag 30. juni 2010

Fortsatt småturar

Turar er for tida avgrensa til stort sett mindre rusleturar ikkje langt frå heimen. Men litt blir det da! Her om kvelden, eit par dagar før veslejenta skulle sjå dagens ljos, var vi ved Mistra. Ei fin fiskeelv, som skjærer seg ned gjennom bratte juv og går ut i Rena ved Åkrestrømmen. Da vart det ein kveldstur i ulendt terreng oppover langs elva. Hundane storkosa seg, det er utfordrande og artig å ta seg fram i steinur og vanskeleg terreng. Ikkje minst er det bra for Solan å få trena opp koordinasjonen og framkomstevna si. Kodak har jo vore med i slik terreng frå han var liten, medan Solan har langt mindre erfaring. Men han er flink, og berre han veks litt til og byrjar å få med seg både hovud og kropp på det han gjer, så blir det nok bra! Men sjølvsagt: Kamera var ikkje med i går kveld. Det burde det vore, for det var ein fin tur!

Det vart ingen fisk i denne vesla tjønna, med smågjedda var observert, og turen denne junidagen var triveleg. Slike idyllar finn vi ikkje langt frå døra! 

Solan plumpa i eit gjørmehol. Ei litt traumatisk oppleving, og det var bra at matfar var i nærleiken, for å kave seg opp frå holet ville nok ikkje gått for eigen maskin. Etter ei lita pause, var Solan i full vigør att, og dusjen var grei å ha når vi kom heim.

Kodak på St. Hans-feiring ved Rena. Ingen fisk denne gongen, men i ettertid har Øyvind fått tre fine, den eine ekstra fin, og god som middag.

Solan nyt å fortsatt kunne springe fritt innimellom. Eldstemann Kodak har ikkje lenger den same friheita sommarstid, men får fortsatt springe noko i haust- og vinterfjellet. Det er sunt og godt å bevege seg fritt innimellom. Korleis det blir med Solan når han blir stor, er vi usikre på, innkallinga på han er langt vanskelegare enn med Kodak. Her var det godt å lange ut!